m_fyrtorn

ORD OM FJELL
Nytt fjelldikt hver dag
Trykk HER

v_jotunheimen

logo_sognefjellshytta

Fjellridning

Hest

På Raubergstulen finner dykk Jotunheimen Hestesenter, her tilbyr vi rideturar kvar dag etter avtale.

Islandshestane våre er gode turkameratar som tek dykk med på fine turar i naturskjønne omgivelser under kyndig veiledning frå guidane våre.

Her kan alle bli med, både store og små og både dei med og utan erfaring.
Aldersgrensa på timesturen, 2-timersturen og halvdagsturen er 8 år.

Turane må bestillast på førhand.

Sesongen 2017 er frå 1. juli til 13. august.


Prisar og turalternativ:

Leietur 15-30 min: Kr. 150,-

Timestur: Kr. 250,-

2 timer: Kr. 450,-

Halvdagsturar, ca 3 timer: Kr. 650,-

Halvdags familietur: Kr. 2000,- for 2 voksne og 2 barn (Kr. 200,- ekstra for ekstra barn)

Informasjon om turane:

Alle som rir hjå oss må bruke hjelm. Vi har hjelmar til utlån om dykk ikkje har med
sjølv.

Vi rir stort sett i alt slags vær, ta derfor med gode og varme klede på kalde dagar.
Været forandrar seg fort, ta derfor med ekstra klede sjølv om det er fint når vi starter
turen, det kan og bli kaldt når ein sit roleg på ein hest.

Alle turene våre går i eit flott terreng på fine stigar, det er derfor moglegheit til å gå ved sida av om
nokon ynskjer det.

På 2-timersturene og halvdagsturene blir det ei pause på turen, det er derfor
mogleg å ta med seg niste og en kaffetermos om dykk ynskjer det. 

Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen.
Leieturane går langs en grusveg, her kan dykk gå ved sidan av hesten medan nokon rir.




KOM BLI MED OSS PÅ EIN FIN RIDETUR I PERFEKT NATUR!!!!

Gudbrandsdalen-092003-99-1187 2_800x521Horseback-riding-at-Beitostolen-122011-99-0070-008f64-hm 2_800x532             Gudbrandsdalen-092003-99-1210 2_521x800


             Foto: Morten Brun/Visitnorway.com
                             CH/Visitnorway.com
                             Terje Rakke / Nordic Life AS - Visitnorway.com  
        



Horse-back-riding-by-Venabu-Fjellhotell-007e08-hm 2_800x532

Horse-back-riding-by-Venabu-Fjellhotell-007e09-hm 2_800x532



Ta med heile familien på ridetur!
Ein fin aktivitet for heile familien.
Våre islandshestar tek dykk med ut på tur i naturskjønne omgivelser rundt Raubergstulen.

Opplev Galdhøpiggen 2469 moh.

galdhopigg_th
Bli med våre førarar til toppen av Norge!

Galdhøpiggen er ein topp som er oppnåeleg for mange av oss, og det er ei fantastisk oppleving for heile familien.

Vi startar på Raubergstulen kl 0900, da blir det utdeling av utstyr og informasjon om turen. Alle vil få utdelt kroppssele som skal brukast over breen, og eventuelt broddar ved behov. Etter informasjonen køyrer du din eigen bil til Juvasshytta som er utgangspunktet for turen.

Frå her fylgjer vi tradisjonell rute over Styggebreen. Vi startar i roleg gange inn mot breen, etter ca 1 time er vi inntil breen komne. Her blir det ei god pause medan førarane legg ut tau til breturen. Etter innføring i korleis vi skal gå på bre kryssar vi Styggebreen. Dette tek ca. 45 min. i roleg tempo. Når vi har kryssa Styggebreen kjem vi til Pigge-ura, her tek vi av tau for å gå det siste stykkje til toppen utan. Vi er no på 2271 moh. og det står att ca. 200 høgdemeter.

Vi har 7 års aldersgrense for å bli med til Galdhøpiggen. Og på grunn av sikkerheita tek vi ikkje med barn i bæremeis. 
Det er mogleg å ta med hunden på Galdhøpiggen, men vi ynskjer at den skal ha på kroppssele.

Været kan være sol frå skyfri himmel eller det kan være vassrett snødrev sjølv om det er midt på sommaren. Det er derfor visse krav til klær og sko.

I løpet av turen er det viktig å fylle på med mat og drikke.
Du må derfor ta med deg i god nistepakke og rikeleg med drikke, det er ikkje mogleg å fylle vannflasker undervegs.

Dette er ting som bør vere med når du pakkar sekken til ein tur på Galdhøpiggen.
Vindtett/vanntett ytterbekledning.
Lue og vottar
Varmt isolasjonslag, f.eks. ull, fleece.
Ekstra sokkar, helst ull. (ikke bomull)
Gode sko, fjellsko ol. (Ikke joggesko)  Vi på Raubergstulen har fjellsko til utleie.
Solkrem og solbriller
Termos til varm drikke
Kald drikke
Matpakke
Du trenger ikkje kjøpe mykje nytt utstyr for å gå på Galdhøpiggen, dei fleste som bur i vinterkalde Norge har det som trenges.
Har du spørsmål rundt dette er det berre å ta kontakt.

Starttidspunkt våre gjester: Kl 0900 på Raubergstulen. Påmelding i resepsjonen kvelden før.
                                        Vi ynskjer at gjestar med spesielle behov seier ifrå på førehand slik at vi kan tilretteleggje turen best
                                        mogleg.


Juvasshytta tilbyr og dagleg føring til Galdhøpiggen for alle som ynskjer. Juvasshytta har startidspunkt kl. 0900 for eigne gjestar og kl. 1000 for alle som måtte ynskje.


Over Styggebreen_800x600          Bresprekk800x620
Over til venstre: I tau over Styggebreen med utsikt til Galdhøpiggen.
Over til høgre: Bresprekk på Styggebreen.
Under: Utsikt frå Galdhøpiggen mot Hurrungane og Fanaråken                                                                         Foto: Magnhild Randen
P8118140 800x303