m_fyrtorn

ORD OM FJELL
Nytt fjelldikt hver dag
Trykk HER

v_jotunheimen

logo_sognefjellshytta

Mat og kvile



Mat og drikke


Kjøkkenet vårt

Gudbrandsdalen-092003-99-1270 2_1024x667


Etter ein lang dag ute i fjellet er det viktig med god mat og riktig kosthald, dette er noko vi har stort fokus på. Kjøkkenet vårt er opptekne av å servere god heimlaga mat laga frå botn av.

Vi serverar ein god 3-rettars middagbuffet kvar kveld. Her går gjestane og forsyner seg sjølv og ete seg gode og mette.
Vi tykkjer det er fint at mange i nærområdet som ønsker å produsere lokale matvarer. Vi bruker derfor ein del innslag av lokale råvarer og smakar på kjøkkenet vårt.
Menyen vår vil variere i løpet av året og tilgangen på råvarer er med på å avgjere korleis menyen blir.

Frokosten skal vere ein god start på dagen, derfor møter du ein stor frokostbuffet kvar morgon.
Her finn du det meste som skal til for å få ein fin start på dagen.

I løpet av dagen serverar vi varme vafler og enkle lunchrettar med kaffe/te/kakao eller mineralvatn til.

Vi legg til rette for dykk med allergi, fint om dykk seier ifrå når dykk bestiller. (Eller i resepsjonen når dykk kjem)

DSC 2222
Vi har lang erfaring i å arrangere bryllup, konfirmasjon og gebursdagar. Kontakt oss for å få eit tilbod, forslag på eigen meny, eller andre spørsmål de har. 

DSC 0889_800x536092003-991220-42164 521x800Originaler-015-124482 598x800102001-99433-43761 2_727x800


                      _____________________________________________________________________________________

Drikke

Bundt 18-125481_531x800
I vårt vinutvalg finns det vin for dei fleste ganer.
Kontakt oss for å sjå vinlista vår.
Eller prat ved servitøren så finn dei ein god vin til maten.

I drikkesortementet vår fins og eit lite utvalg av forskjellig øl og mineralvatn.
I baren fins eit bra utvalg av diverse brennevin.





Kvile


Kvile

DSC 2003_2


Her på Raubergstulen finn du fleire forskjellige overnattingsmoglegheiter. Vi har både rom og hytter i ulik størrelse.


Alle rom har dusj og toalett. Vi har både enkeltrom og dobbeltrom, i tillegg til at vi har ein del familierom med både 3, 4 og 5 senger.
Vel ein å bu på rom kan ein anten ligge hjå oss på overnatting med frokost eller på halvpensjon.
Vi serverare in god middag kvar kveld, og ein stor frokostbuffet kvar morgon. Ved frokosten er det mogleg å smøre nistepakke og få fylt termosen sin, ved halvpensjon er nista og termosen inkludert.  

Vi har nokre hytter med plass til 7 i kvar hytte. Dette er velutstyrte hytter med dusj og toalett, peis og tv i stua og eit godt utstyrt kjøken med blant anna oppvaskmaskin.
Det er 2 soverom nede med 2 senger på kvar og ein hems med 3 senger.
Prisane våre tek utgangspunkt i kor mange det er som bur på kvar hytte.

Elles så har vi 2 stk storhytter, Losjihuset og Peisestugu.
På Losjihuset er det ei stue med tv og ein godt utstyrt kjøkenkrok med blant anna oppvaskmaskin.
Her er det 4 soverom, 3 av dei har 3 senger og det siste 2 senger. Det er eige bad på alle soveromma.
I Peisestugu er det ei stor stue med peis og ein godt utstyrt kjøkenkrok med blant anna oppvaskmaskin. Her er det 3 soverom, 2 med 4 senger på kvart og eitt med 2 senger på. Også her er det eige bad på kvart soverom.

Overnatting i enkle leilegheiter.
Vi har 2 leilegheiter  med enkel standard, Kvar leilegheit har 3 soverom (4+4+2 senger), desse soveromma deler bad på gangen, i tillegg deler de eit kjøken.
Her kan ein anten leie heile leilegheita eller berre eitt rom. Vi legg ikkje saman folk på rom som ikkje kjenner kvarandre, som på sovesal.